Susie & The Spuds.

Susie & The Spuds er ein liten venegjeng som er så heldige å få spele musikk saman. Bandet består av Silje Fossli, Marin Stallemo Bakke, Terje Ellefsen og fetterane Bjørnar og Jørund Flaa, og vart etablert i 2012.

Dei har spelt fleire hundre konsertar, reist Norge på kryss og tvers og gjort fleire konsertar i utlandet. Dei har spelt på alt frå knøttsmå pubar til store festivalscener. Frå Svalbard i nord til Hamburg i sør.

Susie & The Spuds sin musikk kan kanskje best beskrivast gjennom instrumenta som nyttast: nesten utelukkande akustiske instrument som banjoar, gitarar, fiolin, ukulele, kontrabass, piano, trekkspel, glockenspiel, kazoo og så vidare.

Musikken kategoriserar dei som «folk «n» roll». Det er element av både folkemusikk og rock i musikken.

Deira fyrste album Shindig kom i 2014. Albumet fekk veldig gode kritikkar og sørga for at Spudsa kunne reise rundt og spele for eit større publikum, spreidd over eit mykje større geografisk område.

I 2018 vart andre album lansert, Sing Me Home. Reisa frå fyrste til andre album har tatt fire år, ein barnefødsel og mange, mange konsertar. Det har vore ei fantastisk og spennande reise fram mot dagens album nummer to.

Tematikken for Sing me Home ga seg derfor sjølv – albumet handlar om å reise.

Susie & The Spuds gleder seg til å koma seg ut på vegen att og presentere både nye og gamle låtar for nye og gamle fans…og ikkje minst lage litt fest!