B-karad`n.

Mannskoret B-karad’n frå Ål har i 20 år underhelde folk i Hallingdal med mannskorsong, og har gjennom åra arrangert ei rekke konsertar rundt om i dalen, både på eigen hand, og saman med andre kor og grupper.

Kameratgjengen frå Ål likar å ha eit repertoar for eit kvart høve, noko som speglar seg i breidda av arrangement mannskoret har deltatt på.

Påskekonserten i Ål kyrkje har vore ein populær tradisjon i over ti år, og dei fire revyane koret har arrangert har alle dratt fulle hus.

Og no dreg dei det endå lengre, når dei står på plakaten til SundreBall 2019.