Young Fogertys.

Young Fogertys har spelt saman i 11 år. Dei har gleda publikum på små og store festivalar og klubbscener sidan dei vart forma etter ein konsert på Quartfestivalen i 2006. Bandet har òg gjort fleire lengre turnérundar i Europa, deriblant Benelux-landa. Young Fogertys speler sine eigne favorittlåtar og «gløymte» perler som «Effigy», «Ramble Tamble» og «Walk On the Water», men òg hits som «Fortunate Son», «Who’ll Stop the Rain» og «I Put A Spell On You». Medlemmane i bandet har fleire tiår med erfaring bak seg som musikarar.

Det finnast knapt ein stad i Norge desse gutane ikkje har spelt. Dei rutinerte musikarane har eit stort fokus på detaljane for å vera så tett opp mot originalen som mogleg, og leverer eit forrykande show basert på live-energien Creedence Clearwater Revival hadde som trio på slutten av karrieren. Særleg albumet «Live In Europe» er ein god indikator i så måte.

Young Fogertys vil garantert gi deg ei oppleving du seint vil gløyme, og ein kveld med det beste frå Creedence Clearwater Revival på ein måte du aldri før har opplevd i Norge.

Bandet:
Ole Petter Andreassen (Black Debbath, Thulsa Doom) – gitar, vokal
Håvard Takle Ohr (El Cuero, Oslo Ess, Bare Egil Band) – trommer
Morten Lunde (The Mormones, Kosmic Boogie Tribe) – bass, vokal